Kode | Språk | Støtte |
---|---|---|
en-us | English (United States) | 2 |
en | English | 1 |
Språk | Kode(r) |
---|---|
Dansk | da,da-dk |
English | en |
Bokmål | nb-no,no,nb,no-bok |
Nynorsk | nn-no,nn,no-nyn |
Er ikkje myAtea i det språket du føretrekkjer? myAtea støttar eit lite utval språk, som vist på høgre side under «støtta». Du kan bestemme kva for eit språk du vil ha på to måtar, ein midlertidig og ein varig, omtalte nedanfor.
Val av språk virkar inn på menyar og leietekstar og andre tekstar som ligg i myAtea sjølv. Det virkar ikkje inn på «dokument»/«rapportar» (i vid forstand) som myAtea viser fram. Desse vil alltid vere i det språket dei opprinneleg er skrivne i.
Om du vil gå tilbake til framsida, klikk her.
Den midlertidige måten å velje språk på er å krysse av for språk i skjemaet nedanfor og trykkje på «set språk»:
Ein betre og meir varig måte å setje språk på er å velje eitt eller fleire føretrukne språk i oppsettet for din nettlesar eller ditt system. Nettlesaren sender ei prioritert liste av føretrukne språk til myAtea (sjå under «føretrukke» til høgre), og myAtea samanheld denne lista med kva for nokre språk den sjølv støttar og prøvar å gjere det beste valet.
Denne måten får også virkning på ei rekkje andre nettstadar som støttar den same mekanisma, ikkje berre på myAtea. Den er dermed ikkje berre meir varig, men også meir generell.
Her kan imidlertid myAtea ikkje setje noko for deg, men du må sjølv finne fram i menyane på nettlesaren din eller systemet ditt. Nedenfor har vi forsøkt å seie litt om korleis dette kan gjerast i din nettlesar. Du vil eventuelt også kunne ha nytte av desse eksterne lenkjene:
myAtea kjende ikkje igjen nettlesaren din, og er difor ikkje i stand til å seie nøyaktig korleis du set språk-preferansar. Sannsynligvis er der eit meny-punkt som kan heite «Verktøy», «Oppsett», «Innstillingar», «Preferansar» eller liknande, som du kan starte ut frå.
Merk at det her dreiar seg om kva for eit språk nettsider skal visast i, og ikkje kva for eit språk nettlesaren sjølv brukar i menyar og dialog-bokser. Desse er i prinsippet to forskjellige ting, skjønt der kan nokre gongar vere ein samanheng mellom dei. Dette er forskjellig i forskjellige nettlesarar.